Aktivitetsvenn

Ein aktivitetsvenn er ein frivillig som gjer aktivitetar saman med ein person som har demens. Målet er å skape gode opplevingar og sosialt fellesskap - for begge. 

Kva er ein aktivitetsvenn? 

Når ein person med demens får ein aktivitetsvenn, blir vedkomande kobla med ein frivillig som har liknande interesser. Dei gjer aktivitetar saman som begge likar, til dømes: 

  • Gå tur
  • Spele spel 
  • Gå på kino 
  • Fiske eller male 
  • Ta ein kopp kaffi og prate

Kor ofte dei møtast, blir avtalt mellom aktivitetsvennen og personen med demens.

Kven kan bli aktivitetsvenn? 

Ein aktivitetsvenn er ein frivillig som ønsker å gjere ein forskjell for andre. Det er ikkje ei løna rolle, men eit verdifullt bidrag til livskvalitet og fellesskap. 

Før ein kan bli aktivitetsvenn må ein delta på eit kurs. 

Viktig å vite om rolla 

  • Aktivitetsvenn er eit tillegg, ikkje ei erstatning for kommunale tenester. 
  • Teieplikt er ein viktig del av rolla. Alle aktivitetsvenner skriv under på teieplikt, som også gjeld på nett og i sosiale medium - og etter ein har slutta som aktivitetsvenn. 
  • Den som får ein aktivitetsvenn, og deira pårørande, skal kunne stole på at personlege opplysningar blir behandla med respekt og diskresjon. 

Slik får du tilbodet 

Ønsker du å få ein aktivitetsvenn - eller bli ein sjølv? 

Ta kontakt med Heimetenestene Distrikt. Kontaktinformasjon finn du nedanfor eller i høgremargen på sida. 

Kontakt

Ingebjørg Myrseth
Spesialsjukepleiar geriatri
E-post
Mobil 91 61 43 46

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Vakttelefon Heimetenestene Distrikt
Mobil 91 61 43 46