Kvardagen på dagsenteret
Dagen på dagsenteret er prega av ro, trivsel og aktivitetar som er tilpassa den enkelte. Vi legg vekt på å skape gode opplevingar og fellesskap. Aktivitetane varierer, men kan til dømes vere turar i nærmiljøet, lett trim, baking, hagestell, song, spel og kreative hobbyar. Det viktigaste er at aktivitetane gir meistring og glede.
Måltida er ein viktig del av dagen. Brukarane får servert lunsj kl. 11.30 og middag kl. 14.30. Det er lagt vekt på god ernæring og hygge rundt bordet.
Kven kan få tilbod?
Tilbodet er for personar med demens som bur heime og har behov for struktur, aktivitet og sosialt fellesskap i kvardagen. Det kan også vere eit viktig avlastingstilbod for pårørande.
Slik søker du
Det er mogleg å søke både digitalt og på papir. Pårørande kan også søke på vegner av brukaren.
Søknadsskjema helse- og omsorgstenester
Treng du hjelp til å søke eller råd om kva tenester som passar best, kan du ta kontakt med heimetenestene ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter. Servicetorget ved rådhuset kan også hjelpe deg.
Dersom du har utfordringar med å søke digitalt kan du skrive ut skjema for å fylle ut manuelt.
Søknad om helse og omsorgstenester - papirversjon (PDF, 678 kB)
Når får du svar?
Søknader blir behandla fortløpande. Du skal få svar frå kommunen innan tre veker etter at søknaden er mottatt. Svaret vil innehalde anten eit vedtak eller informasjon om når du kan vente endeleg svar.
Betaling
Dagtilbodet er gratis. Du betaler berre for måltida, etter fastsett pris.
Sjå prisliste
Har du lyst å sjå aktivitetar og anna informasjon frå dagsenteret, kan du følge oss på Facebook:
Følg oss gjerne på Facebook