DemensteamDemensteamet er eit tilbod til personar med mistanke om demens eller kognitiv svikt, og til deira pårørande. Målet er å bidra til tidleg utgreiing, rett hjelp og god oppfølging. Sist endra 19.05.2025 12.36 Om demensteamet Demensteamet består av geriatriske sjukepleiarar med kompetanse på demens. Vi samarbeider tett med fastlegen og andre tenester i kommunen. Dette får du hjelp tilVi tilbyr: Heimebesøk etter førespurnad frå pårørande, fastlege eller heimetenestene Kartlegging av funksjonsnivå og behov for hjelp Utgreiing i samband med fastlegen, som har ansvar for medisinsk vurdering og diagnose Rettleiing om hjelpemiddel som kan støtte hukommelse og gi tryggleik i heimen Oppfølging og støtte til både personar med demes og pårørande Vi brukar ulike verktøy for å kartlegge situasjonen, og pårørande blir involvert i prosessen. Kvifor er demensutgreiing viktig? Ei grundig utgreiing kan: Avklare om symptoma kjem av demens eller andre sjukdomar Gi oversikt over medisinar og behov for endringar Gjere det mogleg å sette inn riktige tiltak til rett tid Bidra til betre kvardag for både den som er ramma og dei pårørande. Kven kan få hjelp? Tilbodet er for: Personar med mistanke om demens eller kognitiv svikt Pårørande som ønsker råd og rettleiing Teikn på demens Typiske symptom kan vere: Gløymer nylege hendingar Gjentek seg sjølv og leitar etter ord Er forvirra om tid og stadHar vanskar med å kjenne igjen folk Gløymer innlærde ferdigheiter Endra personlegdom eller svekka dømmekraft Har problem med å klare seg i kvardagen Mistar initiativ og interesse Opplever humørsvingingar Pris på tenestaTilbodet frå demensteamet er gratis. Slik får du hjelp Du kan ta kontakt med demensteamet via telefon eller e-post. Kontaktinformasjon finn du nedanfor eller i høgremargen på sida.