Psykisk helseteneste til barn og ungeBarn og unge kan oppleve periodar med uro, nedstemtheit, stress eller andre psykiske utfordringar. Den kommunale psykiske helsetenesta gir støtte og hjelp til både barn, ungdom og føresette - tidleg og utan behov for tilvising. Sist endra 26.05.2025 11.24 Kva hjelp kan du få? Tenesta gir støtte i kvardagen og hjelp til å finne gode løysingar. Vi kan bidra med: Samtalar med barn, ungdom og føresette Samarbeid med skule, helsestasjon og andre fagpersonarRettleiing og hjelp til vidare tilvising ved behov for utgreiing eller lengre oppfølging Slik får du hjelp Du treng ikkje søke for å få hjelp. Ta kontakt med helsesjukepleiar på helsestasjonen eller på skulen. Dei vil hjelpe deg vidare og formidle kontakt med psykiatrisk sjukepleiar. Tilbodet er gratis. Når du har tatt kontakt, vil psykiatrisk sjukepleiar følge opp og avtale vidare samtale eller tiltak, tilpassa ditt behov.