Tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta gir gratis eller redusert pris på tannbehandling til utvalde grupper i befolkninga. Tilbodet er regulert gjennom lov om tannhelsetenesta og blir organisert av fylkeskommunen. 

Desse gruppene får offentleg tannhelsehjelp

Følgande grupper har rett til gratis eller delvis dekka tannbehandling: 

Lovpålagde grupper

  • Born og unge frå 0 til 18 år
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret - får 75% rabatt på offentlege takstar
  • Ungdom frå 21 til og med 24 år kan få 75% rabatt på offentleg tannbehandling
  • Psykisk utviklingshemma, både i og utanfor institusjon.
  • Eldre, langtidssjuke og uføre som bur i institusjon eller får heimesjukepleie

Andre grupper med rett til gratis tannbehandling

  • Rusavhengige i institusjon eller som får tenester etter helse- og omsorgstenestelova
  • Personar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) 
  • Personar med psykiske lidingar som får poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta i minst tre månader
  • Personar som gir omsorg med omsorgsløn, der pleiebehovet er dokumentert av lege

Kvar får du tannbehandling?

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal blir organisert av fylkeskommunen. Du finn informasjon om tannklinikkar, opningstider, prisar og kontaktinformasjon her: