Den offentlege tannhelsetenesta gir gratis eller redusert pris på tannbehandling til utvalde grupper i befolkninga. Tilbodet er regulert gjennom lov om tannhelsetenesta og blir organisert av fylkeskommunen.
Sist endra 22.05.2025 12.31
Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon
Desse gruppene får offentleg tannhelsehjelp
Følgande grupper har rett til gratis eller delvis dekka tannbehandling:
Lovpålagde grupper
- Born og unge frå 0 til 18 år
- Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret - får 75% rabatt på offentlege takstar
- Ungdom frå 21 til og med 24 år kan få 75% rabatt på offentleg tannbehandling
- Psykisk utviklingshemma, både i og utanfor institusjon.
- Eldre, langtidssjuke og uføre som bur i institusjon eller får heimesjukepleie
Andre grupper med rett til gratis tannbehandling
- Rusavhengige i institusjon eller som får tenester etter helse- og omsorgstenestelova
- Personar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- Personar med psykiske lidingar som får poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta i minst tre månader
- Personar som gir omsorg med omsorgsløn, der pleiebehovet er dokumentert av lege
Kvar får du tannbehandling?
Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal blir organisert av fylkeskommunen. Du finn informasjon om tannklinikkar, opningstider, prisar og kontaktinformasjon her: