Pasient- og brukerombudet

Mange som er i kontakt med helsetenesta har spørsmål om kva rettar dei har, eller treng hjelp til å finne ut korleis dei kan få den helsehjelpa dei har behov for. Pasient- og brukerombodet gir råd, rettleiing og støtte til pasientar, brukarar og pårørande. 

Kva kan pasient- og brukerombodet hjelpe med?

Du kan kontakte pasient- og brukerombodet dersom du: 

  • er misnøgd med helsehjelpa du har fått 
  • meiner du ikkje får oppfylt rettane dine som pasient, brukar eller pårørande
  • treng råd om korleis du kan klage eller søke pasientskadeerstatning 
  • ønsker hjelp til å forstå rettar og plikter 
  • treng støtte i dialog med tenestestaden 

Ombodet kan også bidra med konfliktløysing i enkelte saker. 

Tenestene er gratis 

Tenestene er gratis og tilgjengelege for alle. Du treng ikkje henvising for å ta kontakt, og du kan velje å vere anonym. 

Kontaktinformasjon - Møre og Romsdal

Det er pasient- og brukerombud i kvart fylke, og for Møre og Romsdal kan du ta kontakt slik: 

Tlf: 70 57 09 00 / 40 50 16 00
E-post: mr@pasientogbrukerombudet.no (ikkje send sensitive opplysningar på e-post)

Postadresse: Postboks 212 Skøyen, 0213 Oslo
Besøksadresse: Astrupsgate 9, 6509 Kristiansund