Parkeringsbevis - parkeringsløyveEit parkeringsløyve for rørslehemma gir deg rett til å parkere på reserverte plassar og kan gi lettare tilgang til viktige funksjonar som bustad, arbeid og aktivitetar. Ordninga skal gjere kvardagen enklare for personar som har vesentlege problem med å gå eller bevege seg. Sist endra 20.02.2026 15.21 Kven kan søke?Du kan søke om parkeringsløyve som fører eller passasjer dersom:Du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over noko lengd.Du har særleg behov for å finne parkeringsplass i samband med bustad, arbeid eller annan nødvendig aktivitet.Dersom du søker som passasjerI tillegg gjeld følgjande vilkår: Passasjeren må ha regelmessig behov for hjelp frå førar utanfor køyretøyet. Hjelpebehovet må vere av ein slik art at førar ikkje kan parkere bilen utan at passasjeren følgjer med. Dokumentasjon du må legge ved søknadenFor at vi skal kunne behandle søknaden, må du sende inn: Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg.Passfoto (til bruk på parkeringskortet).Kopi av gyldig førarkort, dersom du søkjer som førar. Slik søker duFor å søke om parkeringsløyve, må du fylle ut og sende inn dette skjemaet: Søknadskjema Lenke til legeerklæring som lege må fylle ut: Legeerklæring - vedlegg til søknad om parkeringsløyve for forflytningshemma (PDF, 2 MB)Husk å laste opp all nødvendig dokumentasjon saman med skjemaet. Ufullstendige søknader kan gi lenger saksbehandlingstid. Saksbehandling og varigheitNår vi har mottatt komplett søknad, blir saka behandla så snart som mogleg.Løyvet blir gitt for ei tidsavgrensa periode basert på medisinsk dokumentasjon. Dersom behovet er varig, blir løyvet gitt for fem år, som er maks tid for løyvet pr. gang. Ny søknad må sendast inn før løyvet går ut, dersom du framleis har behov. Send inn søknadsskjema Søknaden sender du elektronisk. Vedlegg kan sendast pr. post til: Sykkylven kommune Kyrkjevegen 626230 SYKKYLVEN Lenkje til: Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmedeParkeringsløyve for forflytningshemma - Statens vegvesenParkeringsløyve - Norges Handikapforbund