Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordninga)

TT-ordninga er eit tilbod om drosjeteneste frå dør til dør for personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektivt. 

TT-kortet skal dekke fritidsreiser for brukarar som på grunn av funksjonshemming har problem med å reise med kollektivtransport.  

TT-ordninga gjeld fritidsreiser som ikkje er betalt av andre, som for eksempel reiser til behandling hos lege/sjukehus. I slik tilfelle er det NAV/helseforetaka som betalar reisa. 

Det er samferdelsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som administrerer ordninga. Det er kommunen som tildeler brukarar etter søknad. 

Pris

Det er gratis å søkje og få tildelt TT-kort. Ved tap av kort kan ein få tilsendt eit nytt, betaling av nytt kort blir trekt av tildelt beløp. 

Frå og med 1. januar 2024 må du betale ein eigenandel på kr 40 per tur. Eigenandelen kan ikkje trekkast frå kortet, den må betalast separat. 

Kven kan søkje?

  • Du som har funksjonshemming som gjer at du ikkje kan nytte kollektivtransport.
  • Di funksjonshemming må vere varig (Minimum eitt års varigheit). 
  • Du må vere folkeregistrert i Sykkylven.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.  

Slik søkjer du

Du sender søknaden til kommunen, saman med legeerklæring som er utfylt av lege. Søknadskjema finn du lengre ned i denne artikkelen.
Adresse: Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230  Sykkylven. 

Vedlegg til søknaden

Erklæring frå lege.

Retningsliner for TT-kortet

Retningslinjer gjeldane frå 01. januar 2025

Søknadskjema

Skjema for søker - for utskrift og utfylling på papir (PDF, 882 kB)

TT-Kort - Skjema for søker - utfyllbar PDF (PDF, 293 kB)

Informasjon til søkjar på TT-ordning (PDF, 730 kB)

Legeerklæring 

Skjema for legeerklæring- for utskrift og utfylling på papir (PDF, 878 kB)

TT-Kort - Legeerklæring utfyllbar PDF (PDF, 256 kB)

Informasjon til lege om utfylling av legeerklæring TT-ordning (PDF, 731 kB)

Kor finn eg saldoen på kortet?

I dei fleste drosjene vil saldo på kortet komme fram direkte ved å trekke det gjennom taksameteret. Du kan også kontrollere saldoen ved ein av følgande måter: 

  • Gå inn på nettsida: rtt.no/tt 
  • Send sms med brukernummer til 404 66 000
  • Ring 51 90 90 01

 

Meir informasjon om TT-ordninga

finn du ved å trykke på lenkje til Møre og Romsdal fylke: Informajon om tt-ordninga