Støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod til deg som treng støtte til å delta i sosiale aktivitetar eller ønsker meir sosialt fellesskap. Tenesta er gratis og blir tilpassa dine behov. 

Kva er ein støttekontakt? 

Ein støttekontakt er ein person som hjelper deg med å delta i sosiale aktivitetar eller få ei meir meiningsfull fritid. Målet er å bidra til betre livskvalitet og sosial deltaking. 

Støttekontakta er tilsett av kommunen og får rettleiing frå fagpersonar, men har vanlegvis ikkje formell helsefagleg utdanning. 

Kva slags tilbod finst?

Støttekontakt-tenesta er organisert på to måtar: 

  • Individuell støttekontakt - ein-til-ein-oppfølging 
  • Deltaking i aktivitetsgruppe - sosialt fellesskap med fleire

Kven kan få støttekontakt? 

Du kan få støttekontakt dersom: 

  • du har fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting 
  • du ikkje klarer å oppretthalde ei aktiv og meiningsfull fritid på eiga hand
  • du har behov for sosialt fellesskap

Tilbodet gjeld som hovudregel for heimebuande personar, og vanlegvis ikkje for små barn. 

Slik søker du

Du søker ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester:

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Du må sjølv betale for eigne utgifter til aktivitetar og eventuell transport som ikkje er avtalt

Når får du svar?

Søknadar blir behandla fortløpande. Du skal få svar innan 4 veker, enten eit vedtak eller informasjon om når du kan vente endeleg svar. 

Klage på vedtak

Du kan klage dersom du er uenig i vedtaket. Klagefristen og informasjon om korleis du går fram, blir sendt saman med vedtaket. 

Dersom du får medhald i klagen, vil kommunen gjere eit nytt vedtak. 

Lover og reglar