Stipend til studentar innan helse- og sosialfag

Sykkylven kommune søker årleg Statsforvaltaren om kompetansemidlar til studentar innan helsefag (sjukepleie, vernepleie, fysioterapi og sosionom). Målet med ordninga er å stimulere til kompetanseutvikling og bidra til å møte framtidige behov i helse- og omsorgstenesta. 

Midlane blir fordelt i samsvar med den nasjonale prioriteringa. 

Kor mykje kan du få i stipend? 

For å motta stipend, må du vere budd på å vere ferievikar i 80 - 100% stilling i sommarferien, i perioden juli/august (veke 27 t.o.m. veke 32). 

Kor mykje du får i stipend er avhengig av kor mange veker du jobbar: 

  • 3 veker arbeid: kr. 15.000
  • 4 veker arbeid: kr. 22.000
  • 5 veker arbeid: kr. 35.000

Utbetaling av stipend 

Stipendet blir utbetalt i etterkant av ferieperioden. For å få utbetalt stipend må studenten ha arbeidd dei avtalte vaktene. Sjukefråvær over 10 prosent gir ikkje rett til utbetaling av stipend. 

Slik søker du 

I søknaden må du legge ved stadfesting på studiet frå Samordna opptak eller frå studiestaden. 

Stipend blir tildelt så lenge kommunen har midlar til ordninga. 

Kontakt

Margit Aure Overå
Rådgjevar helse og omsorg

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post