Barnekoordinator

Familier som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, kan søke om å få hjelp av en barnekoordinator. 

Kva er ein barnekoordinator

Ein barnekoordinator er ein kontaktperson som hjelper familien med å få oversikt og samordne tenester. Koordinatoren skal bidra til at barnet og familien får den hjelpa dei har rett på, på ein enkel og oversiktleg måte. 

Barnekoordinatoren kan: 

  • koordinere tenester og følge opp kontakt med ulike instansar 
  • gi informasjon om rettar, plikter og relevante tenester
  • formidle kontakt med frivillige organisasjonar og velferdstenester
  • sikre at barnet si stemme blir høyrt og tatt på alvor 
  • følge opp individuell plan, dersom barnet har det
  • bidra til godt samarbeid mellom fagpersonar og tenester 
  • gi rettleiing slik at familien kan medverke i avgjerder

Slik søker du 

Foreldre eller føresette kan søke om barnekoordinator. Tilbodet kan også bli innvilga før barnet er fødd. 

Du kan søke ved å fylle ut dette skjemaet: 

Du kan også ta kontakt med Tenestekontoret pr. tlf: 94158814.

Kva skjer etter søknaden?

Når du har fått tildelt ein barnekoordinator, vil vedkomande ta kontakt med deg. Du må då fylle ut ei samtykkeerklæring. Koordineringa skjer i samarbeid med familien og barnet, og tenesteapparatet skal legge til rette for god dialog og medverknad. 

Lovgrunnlag

Retten til barnekoordinator er forankra i fleire lover. Hovudregelen står i: 

Andre relevante lover som regulerer samarbeid mellom tenester: 

Kontakt

Tenestekontoret
E-post
Mobil 94 15 88 14

Adresse

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, inngang ved pensjonistsalen

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post