Sykkylven Frivilligsentral

Frivilligsentralen er eit knytepunkt for frivillig aktivitet i Sykkylven kommune.

Frivilligsentralen skal bidra til å gjere Sykkylven til ei enno betre kommune å bu i ved å synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommunen. 

Mange frivillige samla til Sommar­drøs i lyse lokale på Sykkylven Frivilligsentral. I forgrunnen står eit bord med kaffi, koppar, kaker, vaflar og andre serveringar, medan fleire personar sit og pratar saman i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteSommar, fellesskap og gode frivillige – ein fin gjeng som samla seg til Sømmardrøs på Frivilligsentralen. @nicolai.karlsen

 

Frivilligsentralen skal vere ein stad der menneske møtest, idear blir til aktivitet, og frivillig engasjement får rom. Vi skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiljøet og lokalsamfunnet og for dei som ynskjer å motta slik innsats. 

Vi formidlar informasjon, koordinerer aktivitetar og ressursar, skaper samarbeidsarenaer, gir rådgiving og støtte – og ikkje minst fremjar vi frivilligheit i kommunen. Vi arbeider innan oppvekst, folkehelse, inkludering og mangfald, frivilligheit og organisering.

Opningstider 

Sykkylven Frivilligsentral held til i 2. etg. i “Bibliotekbygget”. 
Mandag kl. 10.00 - 16.00.
Tirsdag kl. 10.00 - 16.00.
Onsdag kl. 10.00 - 15.00.
Torsdag kl. 10.00 - 16.00.
Fredag kl. 10.00 - 15.00.

Kaffi og noko godt å bite i

Kvar dag lagar våre fantastiske frivillige vertar noko godt du kan kjøpe hjå oss. Det kan vere nysteikte vaflar og sveler, toast eller, enkelte dagar, våre populære karbonadesmørbrød. 

Ta turen innom – kanskje finn du noko godt til kaffikoppen og alltid ein hyggeleg prat på kjøpet!

 

Oskarbilen

“Oskarbilen” blir drifta av Sykkylven Frivilligsentral med frivillige sjåførar som hentar og bringer personar med vedtak til dagsenteret i kommunen. Ordninga er finansiert av private bidragsytarar samt ulike lag og organisasjonar. Oskarbilen vart etablert på midten av 1990-talet, etter ein mann frå Velledalen i Sykkylven, som heitte Oskar, såg behovet for at eldre heimebuande skulle få moglegheit til å nytte dagtilbodet i kommunen. Han ønskte å gjere noko med dette – og slik vart Oskarbilen til. 

 

Vil du være med å støtte opp om Oskarbilen? Vipps gjerne valgfritt beløp til vårt Vippsnr #515254

 

Sykkylven Utstyrssentral – prøv noko nytt!

Har du lyst til å prøve ein ny aktivitet, eller treng du utstyr til noko du allereie likar? På Utstyrssentralen kan du låne mykje forskjellig utstyr – heilt gratis.

Her kan barn, unge og vaksne få høve til å vere aktive, oppleve meistring og vere saman med andre, utan å måtte kjøpe alt utstyret sjølve.

Sjå kva du kan låne, og finn informasjon om kven som kan låne og korleis det fungerer. Utstyrssentralen

 

 

Vi vil ha fleire med på laget

  • Har du engasjement for andre menneske og kan tenke deg å bruke litt av tida di?
  • Har du lyst til å hjelpe, eller treng du kanskje å treffe andre menneske?
  • Har du en idé du ønskjer å sette ut i livet?

 

Då kan du ta kontakt med dagleg leiar i Sykkylven frivilligsentral Torill Velle på e-post: torill.velle@sykkylven.kommune.no eller tlf:. 92254620 eller tlf:. 90733379

Du kan også melde di interesse som frivillig ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet: 

Registreringsskjema for frivillige

På frivilligsentralen legg vi til rette for, mobiliserer og samordnar frivillig aktivitet.

Uansett kva interesser, ferdigheiter eller erfaring du har, bistår vi deg gjerne i å finne ei meiningsfull frivillig oppgåve, til beste for deg og oss.

Det er du sjølv som bestemmer kor mykje tid du vil bruke – nokre få timar kan bety mykje for andre menneske!

Kom gjerne innom for ein uforpliktande prat der vi kan snakke meir om korleis du kan bidra som frivillig og hjelpe andre!

Du kan lese meir om det å vere frivillig. Sjå frivillig.no

Kontakt

Torill Velle
Dagleg leiar frivilligsentralen

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post