Sykkylven frivilligsentral

Frivilligsentralen skal vere eit knytepunkt for frivillig aktivitet i Sykkylven kommune.

Frivilligsentralen skal bidra til å gjere Sykkylven til ei enno betre kommune å bu i ved å synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommunen. 

Den skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiljøet og lokalsamfunnet og for dei som ynskjer å motta slik innsats.

Sykkylven frilligsentral held til i huset Fønix og drifter "Oskarbilen" og Utstyrssentralen. På utstyrssentralen kan du du låne diverse sportsutstyr gratis. Utstyrssentralen er stengt pga. flytting til nye lokaler (kjelleren ved biblioteket), det er dessverre uvisst når den vil vere open igjen. 

Har du engasjement for andre menneske og kan tenke deg å bruke litt av tida di?

Har du lyst til å hjelpe, eller treng du kanskje å treffe andre menneske?

Har du en idé du ønskjer å sette ut i livet?

Ta kontakt med frivilligkoordinator Tove Sperre på e-post: tove.sperre@sykkylven.kommune.no eller tlf: 90733379.

På frivilligsentralen legg vi til rette for, mobiliserer og samordnar frivillig aktivitet.

Uansett kva interesser, ferdigheiter eller erfaring du har, bistår vi deg gjerne i å finne ei meiningsfull frivillig oppgåve, til beste for deg og oss.

Det er du sjølv som bestemmer kor mykje tid du vil bruke – nokre få timar kan bety mykje for andre menneske!

Kom gjerne innom for ein uforpliktande prat der vi kan snakke meir om korleis du kan bidra som frivillig og hjelpe andre!

Du kan lese meir om det å vere frivillig. Sjå frivillig.no

Opningstider er tysdag og torsdag kl. 09.00 - 15.00.

Heimesida til Fønixhuset

Kontakt

Tove Sperre
Frivilligkoordinator
E-post
Mobil 90 73 33 79

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post