StikkUT! Sommer 20261. mai er det klart for ny Stikk UT!- sommersesong. Sesongen varer heilt fram til 31. oktober. Publisert 14.08.2026 14.07 Sist endra 14.08.2026 14.23 Torill Velle Stikk UT!- turmål i Sykkylven Stikk UT! har turar for dei aller fleste. Turane går til etablerte turmål og har fargekode som fortel mykje om vanskelegheitsgrada. Grønne turar passar for dei fleste. Lette, korte turar med moderat stigning. Blå turar for dei med litt turerfaring. Raude turar for den erfarne turgåar med god uthaldenheit.Alle StikkUT!-turmåla har unike kodar som er festa på ei kodeplate ved turmålet. Koden blir automatisk registrert i StikkUT!-appen, eller du kan skrive han inn i appen eller på stikkut.no.Nedanfor ser du alle Stikk UT!-turmål, sortert etter fargekode, i Sykkylven kommune. Grønne turarBrunstadsætra Fagrefjellet Haugneset SykkylvenHovdeåsen i Hundeidvik Kattåsen Lisjesanden brygge ved Fetvatnet Oddane på Aursneset Riksheimdalen om GamlestølenSæssvatna, IkornnesSætrevatnet rundtTrollskogenTuvatnet VellesætraBlå turarAurenakken BorgundkollenFausateighornet Fitjakollen Koppen i Velledalen Stavekollen på Ikornnes Storevarden frå HjellaneStraumsheimsetra Tynesfjellet Vassætra Raude turar Storevatnet (Køln) Sunnmøre Friluftsråd er eit interkommunalt oppgåvefellesskap for kommunane på Sunnmøre og Vestnes. Det er dei som driv Stikk UT! og arbeider elles for å fremje eit allsidig friluftsliv i regionen og skape større forståing for nytta av friluftsliv. Besøk gjerne Stikk UT! for å laste ned turappen og bli inspirert til turglede!