Om kontantkassa
Kontantkassa er ei tilskotsordning som skal sikre at barn og unge mellom 6 og 18 år får moglegheit til å delta i minst éin organisert fritidsaktivitet – uavhengig av familien sin økonomiske eller sosiale situasjon.
Ordninga er enkel og lite byråkratisk, og det er ikkje familien sjølv som søker
Kven kan søke
Følgande kan søke om støtte frå Kontantkassa:
- Lag og foreiningar, som idrettslag, korps, kulturskule og liknande
- Tilsette i kommunen, som helsesjukepleiarar, miljøterapeutar, barnevernstenesta m.fl.
Barnet eller familien kan ikkje søke sjølv.
Krav til søkar
Søkaren må vurdere om familien har ein situasjon der støtte frå Kontantkassa er avgjerande for om barnet kan delta i aktiviteten. Kontantkassa er ikkje meint som ei løysing for lag og foreiningar som slit med å få inn kontigentar.
Søkaren har ansvar for å:
- Informere laget/foreininga om at det er søkt støtte
- Følge opp at barnet faktisk deltek i aktiviteten
- Hjelpet barnet i gang, til dømes minne på eller bidra til at barnet kjem seg til aktiviteten (utan å møtte følge barnet fysisk)
Kva kan du søke støtte til?
Du kan søke om støtte til kostnadar knytt til fritidsaktivitetar, som:
- Kontigent eller semesteravgift
- Turneringar og cupar
- Leirar
- Lommepengar
- Utstyr
- Reiseutgifter, t.d. busskort
Kor mykje kan ein få i støtte?
Du kan søke om inntil 3.000 kr per person per år. Det er mogleg å søke fleire gongar i løpet av året for same person.
Søknadar blir behandla fortløpande - det er ingen søknadsfrist. Midlane blir fordelte så lenge det er pengar igjen i kassa.
Slik søker du
Søknaden må sendast elektronisk. I søknaden må du blant anna oppgi namn på barnet og føresette.
Meir informasjon
Les meir om ordninga frå idrettsforbundet.
Halstein Kurseth
avdelingsleiar kultur
E-post: halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no
Tlf: 41 60 55 28