Musikkbingen

Musikkbingen er plassert på baksida av Sykkylven kulturhus og er meint som eit øvingslokale for "band" der du kan leige deg øvingstid. Alle er velkomne!

Alle musikksjangerar er velkomne i bingen og ingen vert utestengt p.g.a. alder eller religion. Du betalar eit nøkkeldepositum og ei øvingsavgift pr.bandmedlem. Bingen kan nyttast av grupper i regi av ungdomsskule og kulturskule etter avtale på dagtid.

Lokalet er utstyrt med songanlegg m/ 4 mic. -  trommesett - eit digitalpiano/orgel - ein gitarforsterkar og ein Ampeg bassforsterkar. Instrument og utstyr som høyrer til i bingen skal ikkje takast med ut av lokalet, og utstyr som kjem til skade under di øvingsøkt skal erstattast. Andre personlege musikkinstrument må du ta med deg sjølv, og det er ikkje anledning til å lagre personlege instrument i bingen mellom øvingane.

Det er ikkje høve til å ta med gjestar inn i øvingslokalet, og berre dei musikarane som har øvingstid i bingen kan opphalde seg der. Unnataket er foreldre/føresette som er med yngre musikarar til øvingane.

Bingen er administert av musikkleiar Åge Frøystad, og øvingstid kan bestillast på e-post: age.froystad@sykkylven.kommune.no eller på tlf. 40471441. Det kan gjerast avtale om faste tider i eit halvt år om gongen eller kortare øvingsperiodar ned til ei øving.

Lenkje: 
Musikkbingen 

Kontakt

Åge Frøystad
rektor kulturskulen/musikkleiar
E-post
Mobil 40 47 14 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post