Kven kan bruke Musikkbingen?
Musikkbingen er open for alle, uavhengig av alder og musikksjanger.
Grupper frå ungdomsskulen og kulturskulen kan også bruke lokalet på dagtid etter avtale.
Du betalar eit nøkkeldepositum og ei øvingsavgift pr.bandmedlem.
Utstyr i Musikkbingen
Lokalet har:
- songanlegg med fire mikrofonar
- trommesett
- digitalpiano/orgel
- gitarforsterkar
- Ampeg bassforsterkar
Andre instrument må du ta med sjølv. Det er ikkje mogleg å oppbevare private instrument i Musikkbingen mellom øvingane.
Utstyret som høyrer til Musikkbingen, skal ikkje takast med ut av lokalet. Dersom utstyr blir skadd under øvinga, må det erstattast.
Det er berre musikarane som har bestilt øvingstid som kan opphalde seg i Musikkbingen. Det er derfor ikkje høve til å ta med gjestar.
Foreldre eller foresatte kan vere med når yngre musikarar øver.
Bestill øvingstid
Du kan avtale fast øvingstid for inntil eit halvt år om gongen, eller bestille kortare periodar heilt ned til èi enkelt øving.
Bingen er administert av musikkleiar Tom Gontier, og øvingstid kan bestillast på e-post: tom.gontier@sykkylven.kommune.no eller på tlf. 98 81 64 17.