Attestar

Normaltariffens takstar dekker i prinsippet aldri legen sitt honorar for arbeid ved attest. Honorar inngår ikkje i frikortgrunnlaget og vert krevd av alle med frikort, barn og gravide. Konsultasjonsgebyr, utstyr til materiell m.m. etter offentlege takstar kjem i tillegg. 

Førerkortattest, alle klasser                                        750 kr.
TT-kort legeattest, Handikap parkering legeattest    400 kr.
Enkel legeattest fritekst                                              260 kr.
Attest frå sjømannslege                                            3000 kr.

Det finnes en rekke andre attester for spesifikke formål, kontakt evt. lege/ekspedisjon for priser.

Dokumentasjon ved legetime 

Skuleelevar med fastlege her og som har behov for dokumentasjon av fråvær frå skule på grunn av sjukdom, kan ta kontakt med oss for attestasjon. Skulen har behov for attest ved nådd fråværes grense og elles ikkje. Det vil være nok å stadfeste at eleven har vert hjå legen, slik at utskrift av timekort er nok. 

Attestasjon følgjer vanlege reglar i arbeidslivet for sjukemelding.  Det giast ikkje attestar for bakover i tid meir enn tre dagar.  Melding til skule og time hjå lege må gjerast når sjukdom oppdagast og gir sjukefråvær.   Vi kan ikkje attestere at eleven har vore sjuk tilbake i tid utan at det har blitt journalført på eit tidlegare tidspunkt.     

Prisen er kroner 260 for attest.  Vi oppfordrar til å ta kontakt straks fråværet oppstår, og når det er behov for attesten i forhold til aktuelle fråværs grense for det faget det gjeld.  Attestasjonsbehov kan meldes inn via helsenorge som elektronisk dialog eller direkte på telefon til vår resepsjon.  Vi tek då stilling til kva type undersøking og oppfølging som skal gjerast og lager stadfesting på fråværet.   

Fråvær vidaregåande skule 

Fråværsreglar for vidaregåande skular gjer at vi mottek ein del henvendingar frå elevar som ber om legeerklæring grunna sjukdom. Reglane er tilgjengeleg frå denne lenka: Fårærsgrense Udir-3-2016 

Det er viktig å vite at fråvær grunna sjukdom der ein har legeerklæring vil framleis førast på vitnemålet, men fråvær dokumentert frå lege vert ikkje inkludert i 10%-regelen med tanke på standpunkt/terminkarakter.

Fråvær grunna sjukdom der ein er under 10%-grensa treng ein ikkje legeerklæring for. Det er først når ein overstig, eller står i fare for å overstige denne grensa at ein trenger legeerklæring. 
 

 Her er ei oversikt over korleis vi kan hjelpe dykk: 

Ved oppnådd 10%-fråvær ta kontakt same dag som sjukdom oppstår via helsenorge.no, eller per telefon. Attestar kan ikkje tilbakedaterast utan journalført dokumentasjon. 

Kostnaden for legeerklæring er 260 kroner.  Alle attestar vert sendt per post.  Faktura med gebyr vert sendt ut påfølgjande dag.  

Om ein treng legeerklæring for kronisk sjukdom/sjukdom som sannsynlegvis vil medføre auka risiko for fråvær i en slik grad at 10%-grensa vil kunne overstigast, må ein bestille time.