Eigenmelding og sjukmelding

Eigenmelding 

Når kan du bruke eigenmelding? 

Når du er for sjuk til å gå på jobb på grunn av eigen sjukdom.  
Om fråvær frå arbeid grunna barns sjukdom, sjå lengre nede på sida. 

Du må ha arbeida hjå arbeidsgivaren i minst to månadar for å få rett til å bruke eigenmelding. 

Det må være minst 16 dagar sidan du sist var fråverande frå arbeid og brukte eigenmelding før du kan bruke ny eigenmelding.  
 

Når kan du ikkje bruke eigenmelding? 

Dersom du har brukt eigenmelding fire gongar dei siste 12 månadane (eigenmeldingsbruk følger ikkje kalenderåret). 

Dersom du er sjukmeldt med gradert sjukmelding. Då må du til lege for vurdering om du kan sjukmeldast 100%. 
 

Anna om eigenmelding 

Dersom du har fråvær utover perioden for eigenmelding kan arbeidsgivaren krevje sjukmelding.   

Bruk av eigenmelding sparer samfunnet for å måtte bruke legar for å vurdere kortvarig sjukdom som går over av seg sjølv. 

Undersøk korleis reglane for eigenmelding er der du jobbar. 

 Meir om eigenmelding finn du på NAV sine sider.  
Gå til www.nav.no/eigenmelding for meir informasjon. 

 

Sjukmelding

ShapeForsikre deg om at du har brukt opp eigenmeldingsdagane dine, eller at du ikkje kan bruke eigenmelding før du kontaktar legekontoret.  
 
For vurdering av sjukmelding må du til time til din fastlege, eller ein annan lege på legekontoret. Legen kan skrive sjukmelding frå den dagen du tok kontakt grunna sjukdommen din. For å kunne vurdere dette, må legen ha eit grunnlag for å attestere at dette er tilfelle (observasjonsgrunnlag).  

Legen si oppgåve er å vurdere om du er arbeidsfør.  
For å kunne sjukmeldast må eigen sjukdom eller skade påverke evna di til å arbeide.   
Mange som er sjuke har restarbeidsevne og kan derfor ha nytte av gradert sjukmelding, ein arbeider då kortare dagar, eller har sjukedagar innimellom. 

 Meir om sjukmelding finn du på NAV sine sider: www.nav.no/sykmelding 

 
Sjukmelding ved barns sjukdom 

Det er ikkje mogleg å få sjukmelding for barna sin sjukdom, sjukmelding kan man kun få ved eigen sjukdom. Ved sjuke barn skal ein bruke omsorgsdagar (10 dagar med sjukt barn). For enkelte kroniske sjukdomar hjå barn, kan ein søke NAV om utvida antall omsorgsdagar (ytterlegere 10 dagar).  
 
For barn innlagt i sjukehus eller som er utskriven frå sjukehus, der barnet må ha tilsyn døgnet rundt av foreldre. Kan ein søke om pleiepengar. Sjukehuset har informasjon og eigne skjema om pleiepengar. 

 
Sjukmelding ved dødsfall i nær familie og anna 

Det er normalt ikkje mogleg å få sjukmelding ved dødsfall. Dei fleste arbeidsgivarar innvilgar velferdspermisjon ved dødsfall i nær familie. 
 
Korte velferdspermisjonar som rett til fri for å gå til tannlege, flytte eller gå i gravferd, er ikkje lovregulert. Det kan variere om permisjonen gis med lønn eller ikkje. Det kan også være mogleg å avspasere.