Førarkort

Alle som skal søkje om førarkort, må fylle ut ei eigenerklæring om helse. Dersom du har ein sjukdom eller tilstand som kan påverke køyreevna di, må du i tillegg få helseattest frå lege. Legen vurderer om du oppfyller helsekrava, og gjev ei "sakkunnig vurdering" til vegstyresmaktene. Det er vegstyresmaktene som avgjer om du får førarkort eller ikkje.  

4 el-bilar - Klikk for stort bilete


Til time for undersøking må du ta med:

 

Alle som skal søkje om førarkort, må fylle ut ei eigenerklæring om helse. Dersom du har ein sjukdom eller tilstand som kan påverke køyreevna di, må du i tillegg få helseattest frå lege. Dei som skal ha førarkort i gruppe 2 og 3 må alltid ha helseattest frå lege.

Legen vurderer om du oppfyller helsekrava, og gjev ei "sakkunnig vurdering" til vegstyresmaktene. Det er vegstyresmaktene som avgjer om du får førarkort eller ikkje.  

Etter at du har vore hos legen, må du levere helseattesten på ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar. Du kan levere han ved å møte opp personleg eller sende han i posten til ein av trafikkstasjonane. Helseattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader når han blir levert. Du vil få nytt førarkort med gyldigheit ut frå helseattesten.

Informasjon om førarkort og helsekrav kan du lese om her: Førarkort og helsekrav.

Prisar ved søknad om førarkort:

  • Legeattest ved søknad om førarkort, – 750 kr  


Om konsultasjonen hjå lege omhandlar andre problemstillingar enn søknad om førarkort vil konsultasjonstakst kome i tillegg til prisen for legeattesten.