Henvisningar og celleprøve

For henvisning til privatpraktiserande spesialist, psykolog eller sjukehus må du til time til din fastlege. Mottakerane er avhengige av gode henvisningar for å kunne vurdere hastegrad. Ved utilstrekkelege henvisningar risikerer ein at ventetida vert fastsatt feil (du må vente lenger), eller at sjukehuset må innhente fleire opplysningar (som også tar tid). 

Celleprøver kan takast av din fastlege. Fastlegane kan også sette inn eller fjerne spiraler. Dersom du ikkje ønskjer dette, kan vi dessverre ikkje henvise til privatpraktiserande gynekolog for dette, med mindre det finnast andre tilstandar som treng vurdering av gynekolog.  Det er mogleg å benytte gynekolog utan refusjon, der ein bestiller time utan henvisning og betaler alle kostnadane sjølv.