Pasienttransport ved helsemessige behov / medisinske orsakar

Behandlaren kan utstede rekvisisjon til pasientar som av helsemessige/medisinske årsaker ikkje kan bruke rutegåande transport.

Pasientreiser 

Ansvarleg behandlar bekreftar at pasienten ikkje kan ordne reisene sjølv på grunn av:

  • Betydeleg redusert orienteringsevne
  • Betydeleg redusert allmenntilstand
  • Psykiske problem: Pasienten har psykiske problem som gjer det vanskeleg å gjennomføre reisa med offentleg transport eller eigen bil.
  • Redusert forflytningsevne: Pasienten har problem med å gå, komme seg inn og ut av et transportmiddel eller har behov for tilrettelagt transportmiddel.

Behandlaren plikter å gjere seg kjent med pasient- og bruker rettighetslovens reglar og retningslinjar for utsteding av rekvisisjonar. Rekvisisjon utstedes under ansvar, jfr. lov om helsepersonell § 6 .  Det er kun den ansvarlege behandlaren som kan attestere behovet for rekvirert transport, sjølv om for eksempel helsesekretær fyller ut sjølve rekvisisjonen.  

Søk om å få stønad til reiseutgifter  

Hovudregelen er at du får dekt utgifter til pasientreisa di med eit fast beløp per kilometer (standardsats), uansett kva for transportmiddel du har brukt. Du må betala ein eigendel for reisa, viss du ikkje har frikort.  Reisa må vere lenger enn ti kilometer kvar veg, og gå over meir enn ei takstsone med offentleg transport.  

Ved å logge deg inn på Helsenoreg, kan du søke digitalt om å få stønad til pasientreiser til og frå offentleg godkjent behandling.  

Viss du ikkje vil bruke den digitale tenesta, kan du søke om å få stønad til reiseutgifter ved å senda inn reiserekningsskjema på papir til Pasientreiser HF. Søknadsskjema på papir finn du hos behandlaren din eller på Helsenoreg.  

Du kan søke etter at reisa er gjennomført og innan seks månader etter behandlingsdatoen.  


Les meir om Pasientreiser (helsenorge.no)

Behov for tilrettelagt transport?

Viss det er slik at du ikkje kan reise med offentleg transport anten på grunn av helsa di, eller av trafikale grunnar, og du ikkje kan bli køyrt, eller køyre eigen bil, då kan du ha rett til å få ei rekvirert reise. Det betyr at ditt lokale pasientreisekontor ordnar reisa for deg, og vel det transportmiddelet som er mest hensiktsmessig. Du betalar eigendel for slike reiser, om du ikkje har fritaksgrunn eller frikort. 

Les meir om: «Rekvirert pasientreise.» 
 

Kontakt Pasientreiser

Har du spørsmål, treng hjelp til utfylling av søknad eller bestilling av reise? Ring pasientreiser på 05515.

Pasientreiser