Praktiske opplysningar

Konsultasjonar

Konsultasjonar foregår kun etter timebestilling, i ordinær kontortid kl. 8.30 – 15.00.  Manglande frammøte eller avbestilling seinare enn 24 timer før avtalt tid blir belasta med tapt arbeidsinntekt + gebyr.

Logg på helsenorge.no for å bestille legetime.
 

Frikort

Dersom du har fått frikort må du sjølv vise fram dette og få det registrert på legekontoret. Det er då registrert for resten av kalenderåret. Ver merksam på at alt ikkje vert dekka av frikortordninga. For eksempel forbruksmateriell, henvisning, medisinar og attester etc.

Ny pasient/overføring av journal

Som ny pasient blir du først registrert i våre system den 1. i påfølgande månad etter utført byttet. Det er fint om du ringer oss før di første timebestilling. Overføring av journal frå tidlegare fastlege går ikkje automatisk. Du må sjølv ta kontakt med det aktuelle legekontoret og be om å få journalen oversendt til oss.

Nye personalia?

Nytt telefonnummer, adresse eller arbeidsgivar?  Ver venleg å melde frå om dette. Husk å melde flytting via Folkeregisteret – systemet vårt vil oppdatere seg månadleg mot Folkeregisteret.

Reseptbestilling

Bestill reseptar i god tid før du går tom, slik at du er sikker på å få medisinen i tide. Dersom legen er fråverande,t.d på. kurs eller  ferie, kan det unntaksvis ta lengre tid. Sørg også for å bestille nødvendige reseptar i god tid før fellesferien.

• Vi tilbyr kun elektroniske reseptar (e-resept).
• Resepten er gratis.
• Du kan sjå og fornye dine reseptar på mineresepter.no eller på helsenorge.no
• Vennligst oppgi så eksakt som mogleg type, styrke og dosering.
• B-Preparater føreskrivast ikkje utan legetime! Eksempel Sobril, Paralgin Forte etc.

Rett på fastlege

Alle innbyggjarar som i følge folkeregisteret er busett i ein norsk kommune, har rett til ein fastlege. For å finne oversikt over fastlegar og bytte fastlege må du logge inn på helsenorge.no.  Sykkylven legesenter/ Sykkylven kommune har ingen styringsrett ved tildeling av fastlege. Dette vert utført av HELFO. 

Les om fastlegeordninga på helsenorge.no


Bytte fastlege

Du må sjølv finne og bytte til ønska fastlege på helsenorge.no. Dersom legen du ynskjer deg ikke er ledig, kan du sette deg på venteliste.

Les om korleis bytte fastlege på helsenorge.no