Laboratoriet

Vi har eige laboratorium og utfører ei rekke undersøkingar etter rekvisisjon frå lege. Prøver som må analyserast utanfor legekontoret blir som regel sendt til Fürst Medisinsk Laboratorium eller til Ålesund sjukehus. Vi får stort sett elektroniske svar frå alle laboratorier og røntgeninstitutt noko som gir kort svartid for deg som brukar.

Du kan sjå alle dine prøvesvar utført hos Fürst Medisinsk Laboratorium via sikker pålogging med din Bank ID på: www.furstpasient.no      

 Vi minner om at legen tar kontakt for oppfølging av prøvesvar dersom dette er aktuelt.

Blodprøver blir i hovedsak tatt for å oppdage, bekrefte eller avkrefte sjukdom etter at ein har gjennomført ei undersøking. Det er undersøkinga og dei opplysningane du gir legen som dannar grunnlaget for kva for prøver som blir rekvirert. I tillegg tek ein ofte prøver for å følge forløpet av ein tilstand og ev. følge effekta av den behandlinga ein har iverksatt. Nokre gonger kan ein ta prøver for å sjå etter bivirkninger frå medikamenter.

Alle henvendingar ved laboratoriet skjer etter avtale med lege.
Det er kølappsystem ved laboratoriet.  På grunn av postgang kan enkelte prøver ikkje takast på fredagar. 

Skal du levere prøver etter avtale med lege?

Lever prøven i resepsjonen. Hugs å merke godt med navn og fødselsdato.

Laboratoriet stenger for sendeprøvar kl.15.00.

Prøvesvar blir meddelt deg om det er unormale funn.

Ved spørsmål henvend deg i resepsjonen.
 

Korleis ta ei korrekt urinprøve?

For å kunne vurdere urinprøven ordentleg bør den takast på riktig måte. Glaset du bruker må være sterilt. Sterile glas kan du kjøpe på apoteket. Husk å merke glaset med namn og fødselsdato. Vi tar kun i mot sterile glas.

Nedanfor finn du framgangsmåten for å ta ei korrekt urinprøve (og klamydiaprøve):
• Morgonurin er ønskjeleg. Det vil seie urin som har lagt i blæra i MINST 6 timer.
• For at urinen ikkje skal verte forureina, bør kvinner halde kjønnsleppene frå kvarandre og menn trekke forhuda tilbake.
• Midtstråleurin er ønskjeleg så framt det ikkje er snakk om klamaydiaprøve (sjå neste punkt).
Det vil sei at ein samlar den urinen som kjem et stykke ut i vasslatinga. Dette er fordi denne urinen er reinast.
• Ved prøve for klamydia skal ein ta den FYRSTE urinen som kjem, IKKJE midtstråleurin.
• Urin skal oppbevarast kjølig.