Fokusområder og tilgjengelege tenester

Vår Visjon er skaparglede 

God trivsel, sosiale og friske menneske som meistrar eigen kvardag er viktig for heile lokalsamfunnet. 

I hjartet av vår verksemd ligg eit sterkt ønskje om å skape fleire gode leveår for alle våre pasientar. 
Dette gjennom presis kommunikasjon, målretta behandling og effektiv flyt av oppgåver, alltid med respekt for kvart enkelt individ. 

  

Våre fokusområder:

Pasienten 
Vi gir tilgjengeleg og tilpassa teneste, med ein varm velkomst frå vårt dedikerte team.  

Vi gir inkluderande service der vi legg vekt på å skape eit innbydande miljø, der pasientane føler seg verdsett frå det augeblikket dei trer inn døra. Med klare rutinar og rom for individuell pasientbehandling, tek vi sikte på å oppfylle og overgå forventningane. 

Medarbeidaren  
Skape eit miljø der medarbeidaren føler seg verdsett, høyrt og gitt rom for å forme sin eigen arbeidssituasjon. Våre medarbeidarar har fokus på open dialog, gjensidig respekt og omsorg for kvarandre. Har fokus på å løfte fram det positive. Kvart medlem av vårt team har nære kollegaer dei kan stole på, samt mentorer tilgjengeleg for fagleg rettleiing. Våre medarbeidarar har stort fokus på internt og eksternt samarbeid.  

Samfunnsinteresser:  
Sikre at vi arbeider i tråd med nasjonale retningslinjer, lover og forventningar. 

Kvalitet i tenester 
Vårt kvalitetssikringssystem er designa for å tene alle aspektar av vår praksis, frå pasientpleie til interne prosessar.  

Vi har stort fokus på fagleg utvikling, oppgåvedeling og digitalisering for å forme framtidas legesenter. Vi har fokus på å oppretthalde ein plattform for fagleg autonomi, der legane sin kompetanse kan skinne gjennom. Våre legar utviklar sin kompetanse via utdanning, undervisning, prosjekter og kvalitetssystem. 

Gjennom vår sterke faglege forankring og investering i moderne teknologi, søker vi å gi pasientane våre ei helseteneste som er både meiningsfull og høgverdig. 

Berekraftig Ressursbruk  
Med kontinuerleg forbetringsarbeid, jamfør oppdatering av faglege retningslinjer og interne rutinar sikrar vi en ansvarleg bruk av både økonomiske og menneskelege ressursar. 

Sykkylven legesenter står stolt og stødig for kunnskap og engasjement, haldningar og verdiar, kor alle - frå våre medarbeidarar til pasientane - bidrar til å skape eit optimalt miljø for helse og omsorg. Vi inviterer deg til å bli en del av vår reise mot ei framtidig helseteneste