Klage vedkomande bustader utan formuesgrunnlag/fritidsbustader
Dette gjeld i regelen bustad på landbrukseigedomar, fritidsbustader og bustader som av ein eller annan grunn ikkje har fått fastsett bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten.
Taksten er basert på fakta om eigedomen din, ulike bygningstypar og areal er gitt ulike prisar.
Det vert utvendig synfaring av alle eigedomar. Det skal ikkje gjerast innvendig synfaring av eigedomen. Det vert teke skjønnsmessig vurdering av bygninga sin tilstand, standard og kvalitet. På oppmoding vert det gjeve ei kort grunngjeving for taksten.
«Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal» (Eigedomsskattelova § 8 A-2).
Klagefrist
Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret/økonomiavdelinga innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14. Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.