Driveplikt og jordleige

Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite), har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan anten oppfyllast ved sjølvstendig drift eller ved å leige bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum 10 år. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. 

Lurer du på om eigedomen din er registrert med jordbruksareal? På Gardskart kan du sjekke din eigedom:

Gardskart

Beitepussing

Føremålet med driveplikta er å ivareta matproduserande areal. Jordbruksareala skal difor drivast kontinuerleg og på ein måte som opprettheld jord si produksjonsevne. Dette inneber at beitepussing ikkje aksepterast som driftsmetode på fulldyrka eller overflatedyrka jord. Jorda må haldast i ein slik kulturtilstand at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift med moglegheit for normal avling vurdert i lys av produksjonseigenskapane. Beitepussing er kun tillat på innmarksbeite. Dersom du øsnkjer å beitepusse fulldyrka eller overflatedyrka jord må du søkje om fritak frå driveplikta. 

Korleis søkje om fritak frå driveplikta?

Det er mogleg å søkje om fritak frå driveplikta. Søknad om fritak skal sendast til kommunen. Ved avgjerda skal det leggast vekt på følgjande moment:

  • kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • bruksstorleik
  • avkastningsevna på arealet
  • om det er behov for jordbruksarealet som tilleggsjord
  • søkjaren sin livssituasjon

Kommunen kan lempe på kravet til lengda på avtaleperioden etter søknad. Det same gjeld kravet om at avtalen skal innebere ei driftsmessig god løysing.

Jordleigeavtale

 

Meir informasjon om driveplikta finn du på landbruksdirektoratet sine heimesider

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post