Frådeling

Ein eigedom som blir nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen. Dersom føremålet med delinga gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, må samtykke til omdisponering godkjennast først.

Ved avgjerd om samtykke til deling skal givast, skal det leggast vekt på om delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket. I vurderinga inngår mellom anna omsynet til vern av arealressursane, om delinga vil føre til ei driftsmessig god løysing og om delinga fører til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det kan også leggast vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under formålet i jordlova.

Korleis søkje?

Søknad om deling av landbrukseigedom skal sendast til kommunen. Du skal fylle ut skjema "Søknad om deling av grunneigedom og rekvisisjon av oppmålingsforretning". Søknaden må innehalde beskriving av eigedomen, situasjonsplan og nabovarsel. 

Søknadsskjema

Krav om matrikulering 

Nabovarsel

Kvittering for nabovarsel

Kart og arealopplysningar kan du laste ned på Gardskart.

Handsaming    

Kommunen skal innhente dei opplysningene som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å henvende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Søknader vert handsama etter kvart som dei kjem inn.

Klageadgang 

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Meir informasjon om deling av landbrukseigedom finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post