Omdisponering av jordbruksjord

Ynskjer du å omdisponere jordbruksjord til andre føremål enn jordbruksproduksjon? Då må du søkje kommunen om løyve, jf. jordlova § 9.

Korleis søkje?

Søknad om omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord skal sendast til kommunen. Dyrka jord er definert som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Arealklassifisering for din eigedom kan du sjekke opp på Gardskart. Her kan du også sjekke om arealet er registrert som dyrkbar jord. Søknaden skal leggast ved situasjonsplan/kart.

 

Handsaming    

Kommunen skal innhente dei opplysningene som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å henvende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Søknader vert handsama etter kvart som dei kjem inn.

Klageadgang 

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Statsforvaltaren.

Meir informasjon om temaet finn du på landbruksdirektoratet sine heimesider.

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post