I Sykkylven er det bandtvang som elles i landet i perioden 1.april til 20.august. I perioden 21.august til 30.september gjeld utvida bandtvang grunna beitande bufe i utmarka. Dette for å hindre at hund jagar og/eller angriper bufe. Dei fleste bufe er sanka innan den 30.september.
I einskilde område er det bandtvang heile året. Dette er ved friområda våre på Aursneset, Haugneset og badeplassen på Andestad. Det inkluderer også skuleområde, kyrkjegardar og idrettsanlegg.
Sist endra 28.05.2026 10.35