Bandtvang for hund

I Sykkylven er det bandtvang som elles i landet i perioden 1.april til 20.august. I perioden 21.august til 30.september gjeld utvida bandtvang grunna beitande bufe i utmarka. Dette for å hindre at hund jagar og/eller angriper bufe. Dei fleste bufe er sanka innan den 30.september.

I einskilde område er det bandtvang heile året. Dette er ved friområda våre på Aursneset, Haugneset og badeplassen på Andestad. Det inkluderer også skuleområde, kyrkjegardar og idrettsanlegg.

Ein syner til lokal forskrift i høve område kor ordinær bandtvang gjeld. Denne ligg vedlagt 

Lokal forskrift

Hundelova 

Forskrifta om utvida bandtvang for hund, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal er under revidering. Ny forskrift vil truleg kome på plass i starten av 2022.