Kven har ansvaret?
Ansvar for forureining er delt mellom:
- Miljødirektoratet
- Statsforvaltaren
- Kommunen
Kommunen har hovudansvar for:
- Avløp
- Avfall
- Akutt forureining
Plikter kommunen har
Kommunen har fleire lovpålagde oppgåver etter forureiningslova. Mellom anna skal kommunen:
- Samle inn forbruksavfall
- Ha naudsynt beredskap mot akutt forureining
- Gjere vedtak, for eksempel pålegg om opprydding
Alle skal hindre forureining
Etter § 7 i forureiningslova har alle ei generell plikt til å unngå forureining. Ved utslepp har den ansvarlege plikt til å:
- Sette i verk tiltak for å hindre eller avgrense skade
- Dekke kostnadar for skader forårsaka av forureininga
Beredskap ved akutt forureining
Kommunen har ansvar for å vere førebudd på akutte situasjonar som kan føre til forureining. Den kommunale beredskapen skal kunne hindre og oppdage slike hendingar, og i tillegg kunne stanse, fjerne og avgrense skadeverknadane. Ansvarsområdet omfattar mindre tilfelle av akutt forureining som kan oppstå eller gjere skade på miljøet innanfor kommunen eller beredskapsregionen, og som ikkje blir handtert gjennom privat beredskap.
Andre oppgåver kommunen har
Kommunen har også ansvar for desse områda:
- Akutt forureining - lokal beredskap
- Forureina grunn - i bygge- og gravesaker
- Klima - lokale klimatiltak
- Luftforureining - måling og tiltak
- Radon - kartlegging og informasjon
- Støy - forebygging og kartlegging
- Arealplanlegging - omsyn til miljø og helse
- Landbruk - kontroll av forureining frå jordbruket