ForureiningAlle har plikt til å unngå forureining, men kommunen har eit særskilt ansvar på fleire område. Her får du ei oversikt over kva oppgåver kommunen har, og kva lovverket krev. Publisert 05.12.2024 13.27 Sist endra 18.07.2025 13.25 Kven har ansvaret? Ansvar for forureining er delt mellom: Miljødirektoratet StatsforvaltarenKommunenKommunen har hovudansvar for: Avløp Avfall Akutt forureining Plikter kommunen harKommunen har fleire lovpålagde oppgåver etter forureiningslova. Mellom anna skal kommunen: Samle inn forbruksavfall Ha naudsynt beredskap mot akutt forureining Gjere vedtak, for eksempel pålegg om oppryddingAlle skal hindre forureining Etter § 7 i forureiningslova har alle ei generell plikt til å unngå forureining. Ved utslepp har den ansvarlege plikt til å: Sette i verk tiltak for å hindre eller avgrense skade Dekke kostnadar for skader forårsaka av forureiningaBeredskap ved akutt forureining Kommunen har ansvar for å vere førebudd på akutte situasjonar som kan føre til forureining. Den kommunale beredskapen skal kunne hindre og oppdage slike hendingar, og i tillegg kunne stanse, fjerne og avgrense skadeverknadane. Ansvarsområdet omfattar mindre tilfelle av akutt forureining som kan oppstå eller gjere skade på miljøet innanfor kommunen eller beredskapsregionen, og som ikkje blir handtert gjennom privat beredskap. Andre oppgåver kommunen har Kommunen har også ansvar for desse områda: Akutt forureining - lokal beredskap Forureina grunn - i bygge- og gravesaker Klima - lokale klimatiltak Luftforureining - måling og tiltakRadon - kartlegging og informasjon Støy - forebygging og kartlegging Arealplanlegging - omsyn til miljø og helse Landbruk - kontroll av forureining frå jordbruket