Kvifor er naturen trua?
Den viktigste årsaka til at artar blir trua, er at leveområda deira blir øydelagde, endra eller delt opp. Når naturen blir fragmentert, kan artane miste moglegheita til å overleve. I tillegg kjem påverknadar som forureining, overhøsting og spreiing av framande skadelege artar.
Klimaendringane er også ein aukande trussel, og kan føre til store endringar i økosystema, noko som igjen påverkar oss menneske.
Kva gjer vi for å ta vare på naturen?
Målet er at ingen artar eller naturtypar skal forsvinne frå norsk natur som følge av menneskeleg påverknad. For å nå dette målet, nyttar vi fleire virkemiddel. Viktige virkemiddel for å ta vare på trua natur er:
- Områdevern
- Prioriterte artar
- Utvalde naturtypar
- God arealplanlegging
Prioriterte artar
Når ein art blir prioritert, får han eit særskilt vern. Det betyr at det blir forbode å ta ut, skade eller øydelegge arten. I tillegg kan det bli fastsett reglar for korleis leveområda skal brukast - til dømes hekkeområde eller kalvingsområde. Det kan også vere behov for skjøtsel, som slått for å hindre gjengroing, hogst for å sleppe inn lys, eller fjerning av framande artar.
Det er regjeringa som vedtek kva artar som skal prioriterast, og det er vanlegvis statsforvaltaren som har ansvar for forvaltinga.
I dag har 14 artar statusen prioritert art i Norge:
- Dyr: Dverggås, fjellrev, svarthalespove, elvesandjeger, eremitt og klippeblåvinge
- Karplanter: Dragehode, honningblom, rød skogfrue, dvergålegress, svartkurle, skredmjelt
- Moser: trøndertorvmose
- Lav: elfenbenslav
Utvalde naturtypar
Ein utvald naturtype har ikkje vern i tradisjonell forstand, men skal takast særleg omsyn til i arealplanlegging og bruk av naturen. Det betyr at ein i nokre tilfelle kan prioritere andre omsyn, og at enkelte forekomstar kan bli øydelagde - men berre etter grundig vurdering.
Ein naturtype kan få status som utvald dersom han er trua, har hatt stor tilbakegang, eller dersom Norge har eit særskilt ansvar for å ta vare på han. Det kan også vere fordi naturtypen er viktig for trua artar, eller fordi det følger av internasjonale avtalar.
Regjeringa vedtek kva naturtypar som skal vere utvalde, og Miljødirektoratet lagar handlingsplanar med konkrete tiltak for å ta vare på dei.
Utvalde naturtypar i dag
Åtte naturtypar har status som utvald naturtype:
- Kystlynghei
- Slåttemark
- Slåttemyr
- Kalklindeskog
- Kalksjøer
- Hule eiker
- Open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone
- Olivinskog
I Sykkylven er det registrert 3 slåttemarkslokaliteter.
Vil du vite meir?
Du finn meir informasjon om både prioriterte artar og utvalde naturtypar på nettsidene til Miljødirektoratet.