Motorferdsel i utmark

Motorisert ferdsel i norsk natur er strengt regulert for å verne miljøet og sikre gode opplevingar for friluftslivet. 

Kommunen har ansvar for å følge opp regelverket og kan gi dispensasjon i særlege tilfelle. 

Formål med lovverket 

Motorferdselloven har som mål å: 

  • Verne naturmiljøet 
  • Fremme trivsel og rekreasjonsverdiar 
  • Sikre at motorferdsel skjer på ein ansvarleg måte

Som hovedregel er motorisert ferdsel i utmark og vassdrag forbode, men mindre det er gitt særskilt tillatelse gjennom lov eller vedtak med heimel i lova. 

Kven gjeld reglane for? 

Reglane gjeld alle som ønsker å bruke: 

  • Motorkøyretøy (t.d. snøscooter, ATV, traktor, bil)
  • Motorbåt, helikopter eller småfly
    i utmark eller vassdrag til formål som ikkje er offentleg godkjente nytteformål. 

Søknad om dispensasjon 

Sykkylven kommune kan gi dispensasjon etter søknad. Søknader for motorferdsel i utmark vert behandla administrativt av kommunen. Dette gjeld all køyring i utmark, på barmark og snødekt mark, og køyring av luftfartøy i utmark med lasting og/eller lossing (uavhengig om luftfartøyet fysisk landar).

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Skriftleg søknad kan sendast på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no

Klage på vedtak

Er du misnøgd med vedtaket, kan du sende ein skriftleg klage til kommunen. Klagefristen er 3 veker frå du mottok vedtaket. I klaga må du forklare kva du er misnøgd med og kvifor vedtaket bør endrast. 

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.