Hogst, trefelling og rydding på kommunal grunn

Felling av tre på kommunal grunn er søknadspliktig og du må søke før tiltak kan gjennomførast. 

Det er ikkje tillat å starte arbeidet før du har fått skriftleg løyve. Ulovleg felling kan føre til politianmeldelse og erstatningsansvar. 

Søknadsskjema 

Dersom du har ønsker eller har behov for å felle eit tre eller anna vegetasjon på kommunal eigedom må du søke. 

Vedlegg til søknad 

For at kommunen skal kunne behandle søknaden, må følgande vedleggast: 

  • Kart i målestokk 1:500 eller 1:1000 med eigedomsgrenser og påteikning av område for ønska hogst, eller plassering av tre som ønskast hogd. 
  • Bekrefting/uttalar: Underskrift frå naboar og gjenboer som godkjenner hogsten viss dei er vurdert røyvd av tiltaket. 
  • Uttale frå velforening viss området har betydning som fellesareal, leikeplass eller friluftsområde. 

Kartutsnitt kan hentast frå kommunekartet. 

Retningslinjer for trefelling på kommunal eigedom

I henhald til Lov om rettshøve mellom grannar (naboloven), kan det søkast om felling av tre på kommunen sin grunn om dei står nær nabogrense og utgjer fare for skade eller særleg ulempe. Lova gjeld tre som står nærare grensa enn ⅓ av totalhøgda, og som det ikkje er “nemnande om å gjere for eigar”- dvs. kommunen - å behalde. 

Gjennomføring av tiltak 

Ved godkjent søknad kan søker felle og rydde sjølv, og får veden. 

Den som utfører trefellinga må ha nødvendig kompetanse og utstyr. Sykkylven kommune fråskriv seg ansvar for skadar ved privat utført arbeid. 

Topping av tre

Alle tre tar skade av topping. Beskjæring av tre på den måten bidreg til at trea blir utsatt for råte, blir hole og etterlet seg eit stort framtidig skjøtsels- og tryggleiksansvar. 

Dette er derfor ikkje ein beskjæringspraksis som kommunen gir løyve til.