AvtaleGiro og eFaktura

eFaktura

Med eFaktura vil du få rekningane dine rett i nettbanken i staden for postkassa di.   Du slepp å taste inn betalingsinformasjon, og du treng berre å godkjenne fakturaen i nettbanken. Du vil kunne sjå fakturaen i nettbanken når du måtte ynskje det.  

I nettbanken din finn du informasjon om korleis du opprettar eFaktura-avtale.

Meir informasjon om eFaktura

                                                                       

AvtaleGiro

Med AvtaleGiro vert rekningane din automatisk betalt på forfallsdato.  AvtaleGiro opprettar du enkelt i nettbanken din. Har du ikkje nettbank, kan du likevel opprette AvtaleGiro ved å ta kontakt med banken din. Du må då ha ein faktura frå kommunen tilgjengeleg.

Meir informasjon om AvtaleGiro

 

Kombinasjon av eFaktura og AvtaleGiro vil medføre at du slepp å godkjenne betaling av fakturaen. På forfallsdato vil den automatisk bli trekt frå kontoen din. Du blir varsla pr. e-post når fakturaen er tilgjengeleg i nettbanken din.  Du må opprette både eFaktura-avtale og AvtaleGiro.

Kontakt

Bente Skjeret-Tynes
Konsulent rekneskap/økonomi
E-post
Mobil 90 06 18 36
Ann-Kathrin Muldal
Konsulent rekneskap/økonomi
E-post
Mobil 48 26 67 51
Anna Ozdowa
Fagleiar rekneskap/økonomi
E-post
Mobil 95 29 74 33