Strategisk næringsplan 2027 - 2030

Sykkylven kommune er i gang med å utarbeide ny strategisk næringsplan for perioden 2027 - 2030. 

Planen skal peike ut retning og prioriteringar for kommunen sitt arbeid med næringsutvikling dei komande åra. Målet er å få eit kort, tydeleg og relevant styringsdokument som bygger på oppdatert kunnskap, erfaringane frå omstillingsperioden, og innspel frå næringslivet og andre relevante aktørar. 

Kvifor lagar vi ein ny næringsplan? 

Sykkylven kommune har vore omstillingskommune i perioden 2021–2026. I denne perioden har omstillingsplanen vore det sentrale strategiske dokumentet for næringsutviklingsarbeidet i kommunen. Omstillingsprogrammet blir avslutta ved utgangen av 2026. Det er derfor naturleg å etablere ei oppdatert strategisk retning for næringsarbeidet etter omstillingsperioden.

Den nye næringsplanen skal bygge vidare på erfaringane, kunnskapen og samarbeidet som er utvikla gjennom omstillingsarbeidet, samtidig som vi ser framover og vurderer kva som blir viktig for næringslivet og lokalsamfunnet i åra som kjem.

Planen skal mellom anna gi grunnlag for å prioritere korleis kommunen kan bidra til gode rammevilkår for utvikling, verdiskaping og framtidige arbeidsplassar i Sykkylven.

Medverknad og innspel 

Eit viktig grunnlag for planen er kunnskap om kva som rører seg i næringslivet, kva moglegheiter verksemdene ser framover, og kva utfordringar og rammevilkår som påverkar utviklinga. 

I innspelsfasen vil kommunen derfor kombinere fleire former for medverknad: 

  • ei digital spørreundersøking til næringslivet i Sykkylven 
  • eit avgrensa tal intervju med verksemder 
  • nokre mindre, målretta temamøte der det er relevant

Spørreundersøkinga skal gi breidde i innspela, medan intervjua gir høve til å gå djupare inn i enkelte erfaringar og problemstillingar. Tema og deltaking i eventuelle temamøte blir tilpassa problemstillingar som kjem fram undervegs i arbeidet. 

Gjennom innspela ønsker vi å gå eit godt kunnskapsgrunnlag for å velge dei viktigaste prioriteringane og rette innsatsen mot det som kan bidra til utvikling og verdiskaping i Sykkylven framover. 

Framdrift

Arbeidet med planen går føre seg gjennom 2026. 

Gjennom hausten blir det gjennomført spørreundersøking, intervju og anna målretta dialog. 

Innspela blir deretter analyserte og brukt som grunnlag for prioriteringar og utarbeiding av planforslaget. Planutkastet skal behandlast i prosjekt- og styringsorganisasjonen før vidare politisk behandling. 

Målet er at Strategisk næringsplan 2027 - 2030 skal leggast fram for endeleg behandling i kommunestyret i desember 2026. 

Prosjektorganisering

Arbeidet er organisert som eit kommunalt prosjekt med deltaking frå både kommunen og næringslivet. 

Prosjekteigar: Torbjørn Ove Emblem, kommunedirektør Sykkylven kommune

Prosjektleiar: Lise Haukeberg, Sykkylven kommune

Prosjektgruppe: 

  • Birte Enstad, Sykkylven kommune 
  • Åsne Folstad, Sykkylven Næringsutvikling 
  • Roger Welle, lokal næringslivsaktør og investor 
  • Runar Tandstad, Møre Trafo

Styringsgruppe: 

  • Torbjørn Ove Emblem, kommunedirektør 
  • Olav Harald Ulstein, ordførar 
  • Jarle Strømmegjerde, varaordførar 
  • Fredrik Ødegård Nilsen, Ekornes

Styringsgruppa har ansvar for den overordna retninga og sentrale avklaringar undervegs i prosjektet. 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om arbeidet med Strategisk næringsplan 2027 - 2030, kan du ta kontakt med prosjektleiar Lise Haukeberg på e-post lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no eller pr. tlf: 98 88 22 92.