Sykkylven kommune sitt næringsarbeid

Sykkylven kommune vil vere ein aktiv og næringsvenleg samarbeidspartnar for lokalt næringsliv. Med ei tydeleg rollefordeling og eit eige næringsteam som besøker bedrifter og følger utviklinga tett, blir det lagt til rette for god dialog, samordna innsats og vidare vekst i kommunen.

Tredelt rolle 

Sykkylven kommune har ei tredelt rolle som tilretteleggar for næringsutvikling: 

  1. Forvaltningsrolla, som handlar om å sørge for å ta vare på breie samfunnsmessige interesser i samsvar med offentlege lover, forskrifter og regelverk. Dette inneber mellom anna arealplanlegging og byggesaksbehandling, samt forvaltning av bedriftsretta finansieringsordningar, som kommunalt næringsfond og kommunal kompensasjonsordning. 
  2. Tenesteprodusentrolla, som inneber å yte tenester overfor det lokale næringslivet. Dette omfattar mellom anna rettleiing, rådgjeving og andre tenestetilbod, og blir utført av mellom anna Sykkylven Næringsutvikling og tekniske tenester. 
  3. Entreprenørrolla, som blir ivaretatt gjennom til dømes å sette i gang og gjennomføre utviklingsprosjekt i samarbeid med næringslivet, utvikle og følge opp strategiske planar, delta på lokale næringslivsarenaer og gjennomføre bedriftsbesøk. 

I kommunen finst det eit tverrfagleg miljø som består av tilsette med kompetanse innan ulike område knytt til næringsutviklingsarbeid, som arealplanlegging, byggesaksbehandling, infrastruktur, kommunale utbyggingsprosjekt og berekraftig forvaltning. Dette miljøet bidreg til å understøtte og legge til rette for næringsutvikling i kommunen.

Næringsteamet i Sykkylven kommune 

Næringsteamet i Sykkylven vart etablert i 2022 og består av kommunedirektør, ordførar, kommunalsjef samfunn, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling og programleiar for Omstillingsprogrammet. Teamet har som mål å bli enda meir næringsvennleg og besøker derfor ulike næringsaktørar i kommunen. Slik blir dei bedre kjent med bedriftene, tilsette og utviklingar i det lokale næringslivet. 

"Besøka gir eit innblikk i litt av det som rører seg i det lokale næringslivet og korleis det står til i dei ulike bransjane, både med utfordringar og oppturar. Å få næringsteamet på besøk skal vere til nytte både for at vi i det lokale næringsapparatet skal halde oss oppdatert på aktiviteten i lokalt næringsliv, og for at bedriftene skal kunne be om råd i konkrete sakar". - Torbjørn Ove Emblem, kommunedirektør.

Formålet til næringsteamet er å samordne innsatsen mot næringslivet gjennom eit samarbeid mellom kommunen og Sykkylven Næringsutvikling. Teamet skal sørge for heilskapleg og god koordinering av saker, og sikre ei felles forståing om at kommunen og Sykkylven Næringsutvikling er eit samla team som representantar for det kommunale næringsarbeidet. I tillegg til bedriftsbesøka har næringsteamet etablert ei rutine for å møtast kvar 14. dag, der formålet er å diskutere næringssaker og koordineringsbehov på tvers av kommune, Sykkylven Næringsutvikling og omstillingsorganisasjonen.

Kontaktinformasjon

Lurer du på noko knytt til næring, eller har lyst å invitere næringsteamet? Ta gjerne kontakt med programleiar for Omstillingsprogrammet, Lise Haukeberg på e-post: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no.