Om Sykkylven Næringsutvikling AS
Sykkylven Næringsutvikling AS forvaltar gründerhjelpa Hoppid og Kommunalt Næringsfond (eksistera ut 2025) for etablert næringsliv. Midlar frå fylkeskommunen blir tildelte kommunen, som igjen gir SNU oppdraget med rådgjeving og saksbehandling knytt til desse.
SNU fungerer òg som sekretariat for Sykkylven Industri- og Næringslag og Sykkylven Handelsforening. Dette inneber administrasjon og rekneskap, gjennomføring av medlemsmøte og ulike prosjekt. I tillegg tilbyr SNU tenester til næringslivet, som administrasjon og prosjektleiing, og arrangerer nettverkstreff, kurs og seminar.
Sykkylven Næringsutvikling held til i 2. etasje i bibliotekbygget (Pilgata 10), som er eit kontorfellesskap og ein møteplass i Sykkylven sentrum.
Førstelinjeteneste for etablerarar
Gjennom hoppid-no-kontoret tilbyr SNU rettleiing og støtte til deg som vil starte eiga bedrift. Sykkylven Næringsutvikling kan hjelpe med:
- Forretningsidé og planlegging
- Finansieringsmoglegheiter
- Kontakt med relevante aktørar
Les meir om hoppid på skaparglede.no.
Næringshageprogrammet
Sykkylven Næringsutvikling AS er også ein del av Næringshageprogrammet i regi av Nordveggen med tilbod om nettverk, rådgjeving og støtte til lokale verksemder.
Les meir om Næringshageprogrammet på skaparglede.no - Næringshageprogrammet.
Oversikt over offentlege støtteordningar
Sykkylven Næringsutvikling har også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege verkemiddelapparatet, og kan hjelpe deg med å finne aktuelle støtteordningar for di bedrift.
Kontaktperson Sykkylven Næringsutvikling