Sykkylven Næringsutvikling

Sykkylven Næringsutvikling AS er kommunen si næringsavdeling med ansvar for oppfølging av kommunal næringsstrategi, og sel i tillegg tenester til lokalt næringsliv som administrative tenester og prosjektleiing. Sykkylven Næringsutvikling forvaltar kommunalt næringsfond og er Sykkylven kommune sin førstelinjeteneste for etablerarar med hoppid.no-kontor.  

​Sykkylven Næringsutvikling (SNU)

Kommunal næringsstrategi tek utgangspunkt i samfunnsplanen og definerer innsatsområde for næringsavdelinga. Sykkylven Næringsutvikling forvaltar kommunalt næringsfond og er Sykkylven kommune sin førstelinjeteneste for etablerarar med hoppid.no-kontor. Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sykkylven kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Du kan lese meir om kommunalt næringsfond og kommunal næringsstrategi på skaparglede.no:

Kommunal næringsstrategi

Kommunalt næringsfond

Sykkylven Næringsutvikling har også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege verkemiddelapparatet. 

Gå til Sykkylven Næringsutvikling si side

Omstillingsprogrammet

I tillegg til det ordinære næringsutviklingsarbeidet i Sykkylven kommune, som Sykkylven Næringsutvikling varetek, har vi også omstillingsprogrammet. 

Les meir om omstillingsprogrammet.