Kunnskapsprøve for skjenke- og salsløyve

Alle som ønskjer det kan ta kunnskapsprøva i alkoholloven. Den som skal vere styrar eller stedfortredar på ein stad med salsløyve eller skjenkeløyve, må ha bestått kunnskapsprøva og vere fyllt 20 år.

Det er to typar kunnskapsprøver i alkoholloven, ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. 

Søknadsskjema

Du må avtale tid for å ta prøva: 

Gjennomføring av prøva

  • Ta med gyldig legitmasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete)
  • Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve på inntil 60 minutt 
  • Du må svare rett på 24 av 30 spørsmål
  • Prøva er på norsk
  • Du kan bruke ordbok

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Om du har dysleksi, kan du få 30 minutt ekstra tid (krev legeattest)
  • Ha du andre utfordringar, legg vi til rette så langt det lar seg gjere 
  • Tilrettelegging må avtalast på førehand 

Kva koster det?

Kunnskapsprøve i alkoholloven
PrøvePris
Kunnskapsprøve400 kr

Beløpet må vere betalt inn på kommunen sin konto før prøvetaking. Kontonummer: 4212.23.24839. Merk innbetalinga med “Kunnskapsprøve og namn på prøvetakar”.

Kor mange gongar kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale pr. prøve. 

Kva er pensum?

  • Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kapittel 1,3,7,8 og 9 og alkoholforskrifta kapittel 1,2,3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.
  • Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.

Du kan kjøpe læremateriell hos Vinn (vinn.no)

Prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi sender beviset til deg pr. post. 

Kontakt

Torill Skjeret
Rådgjevar politikk/beredskapskoordinator
E-post
Mobil 94 85 41 79

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post