Deling av eigedomDeling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eit eige gards- og bruksnummer, til dømes å skille ut ei tomt. Ved bortfeste av deler av ein eigedom for meir enn 10 år, må det også ligge føre eit delingsløyve. Det er grunneigar (heimelshavar) som søker kommunen om løyve til deling. Sist endra 16.06.2025 11.14 Søknadsskjema du trengSøknad om løyve til tiltak utan ansvarsrettRekvisisjon for søknadspliktige tiltakRekvisisjon for ikkje-søknadspliktige tiltakNabovarselKvittering for nabovarselDu må også legge ved kart med innteikna parsell og grunngjeving av søknaden.Gå til kartportalen for å skrive ut eit kartutsnitt. Søknaden vert behandla/vurdert etter- Gjeldande arealplanar (kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden behandlast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2- Plan- og bygningslova kap 26, 27 og 28 (Om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/avløp og naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m)- Jordlova §§ 9 og 12. (§ 9: For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking. § 12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk) Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/bnr, vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.