Retting av feil eller manglar i matrikkelen

Er opplysningane om eigedomen din i matrikkelen feil eller mangelfulle? Då kan du sende krav til kommunen om å få dei retta, endra eller supplerte. Du må legge ved dokumentasjon som viser kva som er feil.

Retting, endring og tilføying av opplysningar i matrikkelen 

Matrikkelen er det offisielle eiendomsregisteret i Norge. 

Du kan be om å få opplysningar i matrikkelen retta, endra eller lagde til dersom: 

  • opplysningane er feil eller ufullstendige
  • opplysningar manglar 
  • grunnlaget for registreringa ikkje lenger gjeld. 

Viss feilen stammar frå andre register, som til dømes grunnboka eller Folkeregisteret, skal kravet sendast vidare til rett instans. Opplysningar om grenser som er fastsette ved oppmålingsforretning eller tilsvarande, kan berre rettast på grunnlag av ny oppmålingsforretning.

Det kostar ikkje noko å få kommunen til å behandle eit krav om retting. 

Slik sender du inn krav 

Du må fylle ut skjemaet “Krav om retting av feil og manglar i matrikkelen” og sende det til kommunen. 

Krav til dokumentasjon 

Du må legge ved dokumentasjon som viser at opplysningane i matrikkelen er feil, mangelfulle eller manglar. Viss rettinga påverkar naboar, rettshavarar eller andre partar, må samtykke frå desse leggast ved. 

Gjeld kravet retting av grenser, må du legge ved kart og anna dokumentasjon som støttar kravet. 

Slik behandlar kommunen kravet 

Kommunen vurderer: 

  • om opplysningane i matrikkelen er feil 
  • om dokumentasjonen er god nok 
  • om andre partar blir påvirka av rettinga

I mange saker kan kommunen rette opplysningane utan å fatte eit formeldt vedtak. Personar som blir påvirka av rettinga, får melding om endringa. 

Klage 

Får du avslag på kravet, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du mottok avslaget. 

I klaga må du forklare kvifor du meiner vedtaket bør endrast. 

Klaga kan sendast til kommunen på e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no.

Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.