Slik søker du
Du søker om reseksjonering ved å fylle ut søknadsskjema “Søknad om reseksjonering”:
Søknad om reseksjonering
Sjå rettleiing til utfylling av søknadsskjema for reseksjonering.
Kva vedlegg du må legge ved søknaden står oppført i rettleiinga.
Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen via post. Søknaden skal leverast i 2 eksemplar, alle i original då det vert krevd originale signaturer vidare mot tinglysingsmyndigheita.
Kva skjer etter at søknaden er sendt inn?
Når kommunen har motteke søknad om reseksjonering, vil denne bli arkivert i sak- og arkivsystemet og gjennomgått. Dersom der er feil eller manglar vil det bli gitt frist for retting. Når eventuelle rettingar er motteke, vil kommunen sjekke om vilkåra for reseksjonering er til stades. Dersom vilkåra er oppfylt, blir det fatta vedtak.
Når klagefristen på 3 veker er ute, blir dokumenta sendt til tinglysing. Etter at dei tinglyste dokumenta er motteke i retur, sender vi desse til søkar, saman med matrikkelbrevet for dei nye seksjonane.
Kva kostar det?
Sjå Gebyr for handsaming etter matrikkellova og eigarseksjonslova. (PDF, 249 kB)