Seksjonering av uteareal

Skal du ha ei permanent oppdeling av utearealet i sameiget, må det søkast om samtidig med søknad om seksjonering/reseksjonering. Dei fordelte uteareala vil då tilhøyre dei ulike seksjonane, og kan ikkje endrast på utan samtykke frå den eller dei som eig seksjonane. 

Forutsetninger og krav 

I utgangspunktet står du fritt til å fordele utearealet slik du sjølv vil, men det er to vilkår som må vere oppfylt: 

  • Alle som eig ein seksjon skal behalde moglegheita til å kome fram til eigen seksjon frå fellesarealet. 
  • Uteareal som er vedteke som fellesareal i byggeløyve eller reguleringsplan, kan ikkje fordelast til enkelte seksjonar. Desse må fortsatt vere fellesareal 

Slik søker du 

Du rekvirerer seksjonering av utearealet ved å fylle ut skjemaet “Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring”. Seksjonering av uteareal kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokat, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. 

Rekvisisjon av oppmålingsforretning

Skal du seksjonere utearealet, behandlar vi dette som ei seksjoneringssak. Du kan fordele uteareal samtidig som du seksjonerer første gong eller ved reseksjonering. 

Dokumentasjon til søknaden 

  • Situasjonskart der du har teikna inn fordelinga av uteareala. Du må tydeleg markere kvart uteareal med “Seksjonsnummer” og fellesareal med “Fellesareal”

Kva skjer etter at søknaden er sendt inn? 

Når kommunen har mottatt søknaden, vil denne bli registrert og gjennomgått. Dersom der er feil eller manglar, vil det bli gitt frist for retting. Når eventuelle rettingar er mottatt, vil vi sjekke om vilkåra er oppfylt. Dersom vilkåra er oppfylt, vil det bli sendt varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning til heimelshavar, og til berørte naboar til den aktuelle grensestrekninga. 

Etter at oppmålingsforretninga er gjennomført, vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for eigedommane som har fått endra grense.  

Kva koster det? 

Sjå Gebyr for handsaming etter matrikkellova og eigarseksjonslova  (PDF, 249 kB)