Når treng du dispenasjon?
Du må søke om dispensasjon dersom tiltaket ditt ikkje følg gjeldande reglar eller planar, til dømes:
- Bygging eller deling av eigedom innanfor 100-metersbeltet langs sjøen
- Oppføring av bygg som strir mot gjeldande reguleringsplan
- Avvik frå krav til avstand til nabogrense
- Overskriding av tillaten bygningshøgde, utnyttingsgrad eller byggegrense
- Fråvik frå eventuelt plankrav, dvs. krav om utarbeiding av regulerings-/bebyggingsplan.
Slik søker du om dispensasjon
Søknaden må innehalde:
- Namn, adresse og kontaktinformasjon til søker
- Gards- og bruksnummer (eventuelt festenummer eller seksjonsnummer) for eigedomen
- Kva det blir søkt dispensasjon frå (t.d. reguleringsplan, byggegrense, utnyttingsgrad, avstand til nabo, høgde m.m.)
- Skildring av tiltaket og ei grunngjeving (i søknaden må det kome fram at fordelane ved dispensasjon er klart større enn ulempene)
- Stadfesting på at naboar er varsla må ligge ved søknaden.
Gå til søknadsskjema
Har du ikkje moglegheit til å søke digitalt kan du sende søknaden pr. e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no, eller pr. post til:
Sykkylven kommune
Rådhuset
Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven
Vilkår
Det vert presisert i pbl § 19-2 at dersom dispensasjon vil føre til at dei omsyna som aktuell føresegn skal ivareta blir vesentleg tilsidesett, eller dersom omsyna i pbl si føremålsføresegn blir vesentleg tilsidesett, skal det ikkje gjevast dispensasjon. Fordelane ved ein dispensasjon må sjølvsagt vere større enn ulempene. Dette inneber at det må vere ei klar overvekt av omsyn som talar for dispensasjon før ein kan fatte eit positivt vedtak.
Ein dispensasjon endrar ikkje ein plan, men gir løyve til å fråvike planen for det aktuelle tilfellet søknaden gjeld.
Sakshandsamingsfrist
Frå 1. juli 2015 har kommunen etter mottak av søknaden din etter pbl § 21-7 maksimalt 12 uker på seg til å gi deg svar. Kommunen vurderer først om dispensasjonssøknaden inneheld all nødvendig dokumentasjon. Dersom dispensasjonen råker interesseområde til fylkeskommunen eller andre statlige myndigheter, vert saka sendt på høyring om du som tiltakshaver / ansvarlig søker ikkje allereie har gjort dette. Andre myndigheter har ein svarfrist på fire veker, og kommunens 12-vekersfrist vert forlengt med disse fire vekene. Kommunen kan i nokre høve forlenge fristen.
Der det klart er eit misforhold mellom tiltak, tilhøva og gebyret har einingsleiar moglegheit til å setje ned gebyret.
Høve til å klage
Sjå her for informasjon om klage