Søppel og avfall
Vi har alle eit ansvar for å halde orden rundt eigne bossdunkar og på eigedommen vår.
Det er forbode å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke skjemmande
eller vere til ulempe for miljøet. Om det ikkje er sett opp felles bossdunkar akkurat der du ferdast, må du
ta med bosset heim eller finne ein bossdunk ein annan stad. Vi må alle sørge for å frakte grovboss som
kasserte møblar, bygningsavfall, bilvrak og kvitevarer til den næraste gjenvinningsstasjonen eller anna godkjend mottak.
Hageplanter
Visste du at hageplanter som spreiast i naturen er ein trussel mot naturmangfaldet? Mens dei ser fine ut i hagen,
kan hageplantar skape problem når dei kjem på avvegar. Det er ikkje tillate verken å brenne hageavfall i
Sykkylven kommune eller å dumpe hageavfall. Hageavfall kan leverast til dei fleste miljøstasjonane utan kostnad. Trykk på lenkene under for meir informasjon:
Les meir om uønska plantar
Fremmedartslista
Handtering av hageavfall
Offentleg ansvar
Innsamling av hushaldningsavfall er det Ålesundsregionens interkommunale miljøselskap (Attvin) som har ansvar for.
Les meir om Attvin og hushaldningsrenovasjon
Dette har kommunen ansvar for å følge opp:
- Ulovlege bossplassar (villfylling) og anna forsøpling på privat og offentleg grunn.
- Rydding av kommunal veg, veggrøfter og vegskråningar.
- Oppsetting og tømming av søppelkasser langs kommunal veg utanfor tettbygd strøk
- Oppsetting og tømming av søppelkasser og anna rydding knytt til parkar, friområde, utfartsstadar, badestrender osv. på kommunal grunn
- At drikkevasskjelder ikkje blir utsett for forureining.
Meld frå om forsøpling
Dersom du oppdagar ulovleg forsøpling eller ulovleg avfallsplass i Sykkylven kommune, kan du melde frå til kommunen på e-post.
Oppgi gjerne:
- kvar forsøplinga er (gards- og bruksnummer / adresse)
- kva slags avfall det gjeld og om lag kor mykje
- bilde dersom du har det
- kven som kan vere ansvarleg for forsøplinga, dersom dette er kjent.
Meldinga sender du på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no.
Ansvar for verksemder og arrangørar
Den som driv daglegvarehandel, bensinstasjon, kiosk eller liknande utsalsstad skal sørge for avfallsbehaldarar i nærleiken av utsalsstaden, tømming av desse og nødvendig opprydding i området.
Tilsvarande plikter gjeld for leirplassar og andre turistanlegg.
Ved arrangement, tilstellingar og stemne, til dømes festivalar og idrettsarrangement, skal arrangøren sørge for nødvendig opprydding etter arrangementet når ansvaret ikkje ligg til andre.
Kommunen kan følge opp desse pliktene og gi nødvendig pålegg dersom dei ikkje blir oppfylte.
Aktuelt lovverk
Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal
Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven)
Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften)
Ønsker du å bidra? Sjekk ut desse sidene: