Kvikkleire og rasfare

Kvikkleire og rasfare

NVE har kartlagt kvikkleirefare og rasfare i Sykkylven kommune. Resultata får verknad for plan- og byggetiltak innanfor område med potensiell risiko. 

NY RETTLEIAR

NVE publiserte 13.11.2020 ny rettleiar for utgreiing av skredfare i bratt terreng. Formålet med rettleiaren er å gi ein metodikk for skredfareutredningar og dokumentasjon av tilfredsstillande sikkerheit mot skred i bratt terreng, som oppfyller krav til sikker byggegrunn som gitt av plan- og bygningslova (pbl) § 28-1. Rettleiaren utdjupar byggteknisk forskrift (TEK 17, § 7-3) med tilhøyrende rettleiing og NVEs retningslinjer "Flaum- og skredfare i arealplanar"

Lenke: SIKKERHET MOT SKRED I BRATT TERRENG

 

KARTLAGTE FARESONER

Kartlagte faresoner må takast omsyn til og vert lagt inn i arealplanane som eigne faresoner. Føresegner til sonene legg føringar for tiltak innanfor sonene.

NVE har samla oversikt over kartleggingane i Sykkylven på ei eiga side.

Kart over aksemdssoner for områdeskred (potensiell kvikkleire finn du her.

NVE-rettleiar 14/2007  Sikkerhet mot kvikkleireskred, kap  4.5 inneheld ein 10-trinns prosedyre for utgreiing av aktsemds- og fareområder.  (s 21).

 

Innanfor dei områda NVE har kartlagt som aksemdsområde områdeskred (potensiell kvikkleire) må tiltak utgreiast i samsvar med rettleiaren kap 4.5 frå punkt 6.